Aarseth mista store beiteområde i Årsetdalen på Vartdal i eit jordskred i 2013. Han tapte likevel saka mot Statens naturskadefond i tingretten, og mista store delar av naturskadeerstatninga på 2,3 millionar kroner han fekk tilkjent i lensmannsskjønet.

– Som tillitsvald i Norges Bondelag har underteikna fått mange telefonar om denne saka, t.d. frå aktive gardbrukarar, ein som ved fleire høve har vore dommar i slike overskjøn, og også tilsette i Ørsta kommune. Dei aller fleste har undra seg på om dommen kan vere rett. Dommen strir tydelegvis mot folkemeininga, skriv leiar Knut Hustad i Samarbeidsutvala for Bondelaga i Ørsta i eit brev til Ørsta kommune.

Hustad oppfattar Aarseth slik at han ikkje ønskjer å anke saka til lagmannsretten.

– Forståeleg nok ser ikkje Helge Aarseth seg syn med å bruke større pengesummar til ein anke fordi han må rekne med at pengane kan gå tapt.

I førre veke skreiv Møre-Nytt at ordførar Rune Hovde i Ørsta har bede om eit møte om naturskadeerstatningar med landbruksministeren.

– Ok, men styresmaktene kan ikkje gjere noko meir med denne konkrete saka før rettskraftig dom i denne saka ligg føre. Det store spørsmålet er: Er dommen mot Helge Aarseth korrekt etter gjeldande lover og føresegner? Er svaret ja, bør kommune og andre arbeide for at lover og regelverk vert endra slik at Helge Aarseth og andre som vert utsette for naturskade, kan få erstatning i framtida, skriv Hustad.

Han meiner likevel det som hastar mest no, er å gi Aarseth juridisk bistand slik at ein fagjurist kan vurdere om dommen er korrekt, eller om han bør bli anka.

– Møre og Romsdal har advokatar som har spesialisert seg om saker som gjeld naturskadar, skriv Hustad.

Han meiner denne saka har stor interesse blant bønder i Ørsta og landet elles.

– Vert dommen mot Helge Aarseth rettskraftig i si noverande form, kan det ved neste korsveg vere fleire som ikkje får erstatning om til dømes ei flaumstor elv raserer dyrkamark og beite.