– Det blir eit levande program spekka med musikk, fargerike stands og gratis internasjonal mat i kantina i Berte Kanutte-huset, skriv Høgskulen i Volda i ei pressemelding.

Høgskulen arrangerer internasjonal dag kvart år for å synleggjere internasjonalisering ved høgskulen, informere om utveksling og styrke partnarskap med universitet i heile verda. Årets internasjonale dag er sett til onsdag 4. februar.

Idol-Jørn, HVO-studenten Jørn Trollebø Kvalheim som vart nummer to i Idol 2014, står for eit av dei musikalske innslaga under dagen.

Hovudtalaren under arrangementet er Julien Bourelle. Han tek doktorgrad ved NTNU, men jobbar også som føredragshaldar og skribent. Bourelle har nettopp gitt ut boka «The Social Guidebook to Norway». Han står også bak Facebook-gruppa «I fucking love Norway» som har over 20.000 følgjarar.

Dei tilsette ved internasjonalt kontor ved Høgskulen i Volda.