- Thor Heyerdal måtte ha to forsøk. For S/Y Emma og mannskap var det nok med eitt. Vi har kryssa Atlanterhavet. Her er vi, Karibia, skreiv Rune Sæbønes på Facebook tysdag ettermiddag norsk tid.

Møre-Nytt-redaktøren har saman med ørstingen Sindre Welle vore del av mannskapet på seglbåten Emma frå Kapp Verde utanfor Afrika til Saint Lucia i Karibia.

Volding og tidlegare Møre-Nytt-journalist, Kjell Arne Steinsvik, og sambuaren hans, Kristine Nygård, er skipssjefar.

10. januar kasta dei fortøyingane på Kapp Verde. Etter 17 dagar til havs, kom dei tysdag fram til den karibiske øya Saint Lucia, som er ein eigen stat.

Ifølgje dei førebelse rapportane har overfarten gått fint. Møre-Nytt kjem tilbake med meir når dei sjøfarande kjem med full rapport.