Arbeidet med dagtilbod er no under etablering og ein del er på plass.

– Men det er utfordringar knytt til lokalitetar og bemanning. Dette vert det arbeidd vidare med. Der er manglande finansiering til å byggje opp det fagtilbodet vi ynskjer, fortel seksjonsleiar Inger B. Liadal i ei sak til levekårsutvalet.

Det er i samband med demensplan 2015 at også Ørsta kommune skal etablere dagsenter for demensomsorg. Det er løyvd ein halv million frå staten til tiltaket. Dette er eit nytt tiltak som vil gi utfordringar til fleksibilitet og kreativitet i høve plassering og drift, varslar Liadal.

– Dersom kommunen ynskjer at dette skal realiserast må vi no lande på ei plassering og arbeide vidare med det, seier Liadal.

Når det gjeld plassering er der to alternativ som peikar seg ut.

Eksisterande

– Vi har valet mellom å etablere det i eksisterande lokaler for dagavdeling på Ørstaheimen eller sjå etter andre løysingar som då må ombyggjast. Slik vi ser det er det viktig at dei sjukaste som treng mest tilsyn og hjelp er knytta opp mot sjukeheimen, og det vil dei vere ved begge alternativa, seier Liadal.

Det eine alternativet er i underetasjen i bygg 3 (Solkroken). Dette vil trenge ombygging som då gir ein kostnad, men som elles ville vere ideelt med tanke på plassering i høve sansehagen.

Ulempa med alternativet er at nokre av lokala er nytta til lager og anna i tillegg til

hjelpemiddelutlevering. Desse må då flyttast til andre lokaler som ein ikkje har hand om i dag og som vil gi ein auka kostnad.

– Dette alternativet vil vere eit framtidsretta lokale for tiltaket, meiner Liadal.

Men det vil ta noko tid før det kan kome i gang. Det avheng av resten av planane i tenesteområdet.

Det andre alternativet er lokala til noverande dagavdeling som er i bygg 1.

Dette krev berre små tilpassingar som avgrensing av gangareal og andre mindre tilpassingar.

– Plasseringa er ikkje ideell, men vil gjere at vi kan kome raskt i gang. Dessutan planlegg vi å lage ein veg med plass til rullestol på sørsida av Bakketun slik at ein enkelt kan kome seg til sansehagen frå den delen av bygningsmassen, seier seksjonsleiar Inger B. Liadal.