No arbeider Espelund som redaksjonssjef i lokalavisa Øy-Blikk i Giske kommune. Ho er gift og busett på Ellingsøy i Ålesund saman med mann og to born.

Vartdalingen tok journalistutdanninga si ved NLA Gimlekollen Mediehøgskole, og ho har ei bachelorgrad i kommunikasjon.

– I utdanninga mi har eg fokusert på tverrkulturell kommunikasjon, journalistikk og kommunikasjon og livssyn. Eg har arbeidserfaring frå lokalavisa Vennesla Tidende, åtte år som programprodusent i Norea, der eg i tillegg også eit år var redaktør for informasjonsbladet. I jobben reiste eg ein del utanlands for å lage reportasjar til prosjekta Norea var engasjert i, som til dømes Kambodsja, Kina og Taiwan. Det siste året har eg arbeidd som redaksjonssjef i Øy-Blikk.

Likar utfordringar

– Eg takka ja til stillinga sidan eg likar utfordringar, og jobben innebar radioarbeid som eg har lang erfaring med. Det å kunne gjere intervju på direkten synest eg gjer intervjuet meir levande, og ein har moglegheit til å vere med å formidle både engasjementet og det emosjonelle ved intervjuobjektet, ved at intervjuobjektet får synt fram meir av seg sjølv. Ein får vere med å formidle levande historier der lyttaren får vere med å skape sine eigne bilete undervegs, og forhåpentlegvis på ein eller anna måte bli berørt av det ein høyrer.

Det å gå inn som dagleg leiar i nærradioen og medieleiar i Sunnmøre Indremisjon vert noko nytt for Ragnhild Kristine, noko ho ser på som ei ny utfordring.

– Det som vert viktig er å vere der folk er, på internett. Noko av det sentrale vil vere å få sendingane tilgjengeleg for lyttarane både på internett, mobil og iPad, og at ein blir aktive på sosiale media.

– I tillegg er lokalradioen drifta på frivillige gåver, så ei anna utfordring i ei tid der annonsering meir blir gjort på sosiale media enn i trykte media vil vere å jobbe aktivt med å få sponsorar til å bli med også i radiosendingane.

Tekst: Hjørdis A. Vikenes