Under eit arbeidsmøte der ei rekkje ordførarar frå Sunnmøre og Nordfjord deltok i førre veke, var det semje om at nye tunnelar opp til Strynefjellet må prioriterast sjølv om vegvesenet meiner Hemsedalsfjellet vil vere den beste vegen austover i framtida, sjølv frå Ålesund.

Svein Sunde i Gode Vegar AS tok initiativ til møtet, og vil legge det til grunn i det vidare arbeidet sitt. Traseen som blir lagt til grunn, er ein 15,8 kilometer lang tunnel med tre felt og ei stigning under fem prosent. Dette er det same alternativet som Vegdirektoratet tilrådde til Samferdsledepartementet i 2014.

Dette skal gi rassikker og tilnærma 100 prosent vinteropen veg mellom Stryn og Otta. I tillegg skal drivstofforbruket bli redusert med 20–30 prosent. Gode Vegar ønskjer også ei arm til Geiranger/Opplendskedal.