Dagleg leiar André Sunde i Dvergsdal & Sunde AS ser mot Ørsta og Volda. I dag er dei etablert med tre kontor; i Førde, Sogndal og Nordfjordeid. Dei har vekse seg store dei siste åra, med til saman 50 tilsette.

– I 2014 omsette aksjeselskapet vårt for 150 millionar kroner. Det vart etablert i 2003, så vi har eigentleg hatt ein snittvekst på over 10 millionar for kvart driftsår.

Fotfeste

Det er særleg etter at dei kjøpte seg inn i Hus 1 Norge-kjeda for fire år sidan at omsetninga auka.

– Og den har auka kraftig. Gjennom dette ser vi at vi har ein styrke i marknaden, og difor ønskjer vi å utvide og sjå lenger enn Sogn og Fjordane. Eg trur at vi kan få eit godt fotfeste i Møre og Romsdal.

Frå før er der forhandlarar av Hus 1 Norge i Molde og Kristiansund, men på Søre Sunnmøre er dei fråverande.

– Vi har jo eit kontor i Nordfjord, men å sitje der og selje hus i Ørsta og Volda er ikkje gunstig. Vi må vere synlege og til stades lokalt.

Byggfirmaet har også planar om å etablere kontor i Bergen, men satsar no først på Søre.

Snikkar

– Vi søkjer etter ein avdelingsleiar, og håper å finne den rette personen til å bygge opp vår nye avdeling. Personen vil få sterk påverknadskraft for kvar kontoret skal ligge. Vi trur dette vert ein spennande jobb. Vi ser ikkje nødvendigvis etter ein ingeniør, men vi må ha dyktige fagfolk, kanskje ein snikkar som er villig til å ta steget vidare og som ser litt karrieremulegheiter. Det har vi lykkast med tidlegare, til dømes i Nordfjord, fortel Sunde.

Satsing

Han håper at kontoret vil vere oppe og gå så snart som råd.

– Vi satsar på å vere på plass i løpet av 2015, og håper at vi også er i gang med bygging av bustader i år. Vi har følgt litt med på bustadsalet, så vi kjenner til nokre av selskapa i området, og vi ser at dei gjer det godt og at dei har mykje arbeid. Vi trur difor at der er rom for oss også, og vi ser Møre og Romsdal som ein attraktiv marknad å vere etablert i. Vår eigen vekst viser at løysingane våre er godt likt, så vi er klare for vidare satsing.