I eit brev til Fylkesmannen i Møre og Romsdal går ordførar Rune Hovde gjennom behandlinga av saka rundt salet av Mørebil-tomta. Til Fylkesmannen har det vorte påpeikt at det i protokollen for formannskapsmøtet 27. mars 2014 ikkje var påført heimel for at møtet var lukka i protokollen. Det var to tilbydarar som hadde lagt inn bod på tomta.

– Ei problemstilling som formannskapet ynskte å drøfte var om dei måtte selje til den interessenten som hadde det høgaste bodet eller om det kunne seljast til den andre bodgjevaren. Vidare kunne spørsmålet om det skulle lysast ut på nytt verte aktuelt å drøfte, skriv Hovde som påpeiker at grunnlaget for å stenge møtet under drøftinga var å ikkje svekke forhandlingssituasjonen til kommunen.

Etter nøyare vurdering vart saksdokument offentleggjort, og møtet vart opna før endeleg avstemming vart gjort.