Onsdag markerer arbeidstakarorganisasjonane i Ørsta motstand mot regjeringa sitt forslag til endring av arbeidsmiljølova.

Onsdag ettermiddag samlar ei rekkje arbeidstakarorganisasjonar seg utanfor Rådhuset i Ørsta, før dei går vidare til ei markering av den politiske streiken.

LO, YS og Unio gjennomfører ein felles, landsdekkjande og politisk streik mellom klokka 14 og klokka 16 onsdag, for å markere motstand mot regjeringa sitt forslag til endring av arbeidsmiljølova.

– Dei føreslegne endringane vil mellom anna føre til auka bruk av midlertidige stillingar, lengre arbeidsøkter, meir pålagt overtid og auka bruk av søndagsarbeid, skriv lokalforbunda til YS, LO og Unio i Ørsta i ein felles uttale (sjå «folkeliv»-sidene i denne avisa).

Lokale markeringar

Dei er kritiske til måten regjeringa har presentert forslaget på.

– Regjeringa har fremja endringane utan å ta nokon av organisasjonane med på råd.

Hovudmarkeringane i fylket blir i byane, men forbunda kjem til å ha lokale markeringar fleire stader.

– Alle som ønskjer å ta del i markeringa i Ørsta, er inviterte, skriv forbunda.