24. oktober i fjor skreiv Møre-Nytt om nyopnininga av restauranten i Ivar Aasen-gata 4. Tidlegare hadde drifta gått under namnet «Verona», men frå då av skulle det heite «Casablanca».

– Det er ein tøff bransje å drive i, det er det ikkje tvil om, men vi håper å kunne vekse oss større og tilsette fleire folk etter kvart, sa kokk Coşkun Aydin til Møre-Nytt den gongen.

No står lokala tome att, og drifta av restauranten er avvikla.

– Leigeforholdet med dei er avslutta, og dei er ute av lokala, seier Jan Peter Lannerholm i Ivar Aasen-gata 4 AS, som eig bygningen.

Møre-Nytt har fleire gonger forsøkt å få drivarane av restauranten i tale, men dette har vist seg å vere vanskeleg. Det er såleis uvisst kva som er årsaka til stenginga.

Ifølgje Lannerholm blir det restaurantdrift i lokala også i framtida.

– Vi har spennande ting på gang, og det er aktuelle kandidatar å leige ut til. Men det er for tidleg å seie noko meir no, så vi får kome tilbake til det når vi veit meir.