– Det kan vere aktuelt for Sp, SV og Ap partia å samarbeide, seier ordførarkandidat Stein Aam for Senterpartiet.

Ifølgje kommunebarometeret til TV2 og TNS Gallup, er Ørsta ein av 28 kommunar der dei raudgrøne ligg an til å få fleirtal etter kommunevalet i september.

Jostein O. Mo, Ørsta Arbeidarparti sin ordførarkandidat, ser også eit raudgrønt samarbeid som aktuelt.

– I førre periode var det samarbeid mellom desse partia, med ordførar frå Ap. I tillegg var KrF og Venstre med, seier Mo.

– Dei raudgrøne samarbeidde veldig godt då dei sat i regjering, og eg trur vi kan få til noko tilsvarande i Ørsta, seier Stina Aasen Lødemel som sit i kommunestyret for Ørsta SV i denne perioden. Partiet hennar har ikkje hatt nominasjonsmøte enno.

Veljarane avgjer

Alle dei tre er klare på at det er valresultatet avgjer korleis eit eventuelt samarbeid blir.

– Det må vere opp til veljarane å gi oss eit grunnlag for å samarbeide, seier Aam.

– Så det er ikkje aktuelt med nokon avtale før valet?

– Eg trur ikkje det er aktuelt med nokon forpliktande avtale før valet, men eg må jo ta atterhald om kva partigruppa mi meiner om det.

– Det er klart at vi politikarar møter og snakkar i lag før valet. Men alle val kan ha overraskande resultat, så vi må ikkje låse oss til noko, seier Mo.

Eigedomsskatt

Lødemel trur eigedomsskatt er den saka der dei tre parti står lengst frå kvarandre.

– Senterpartiet har vore negative til dette, og dei vil kanskje meine at vi bør fjerne skatten.

Aam trur likevel ikkje dette blir eit stort problem.

– No er jo skatten innført, og då er det noko vi må forholde oss til.

– For i år har vi vedteke eit budsjett der eigedomsskatten er vidareført, og vidareføringa fekk støtte frå alle dei raudgrøne partia. Det gjer at eg ikkje ser det som noko stort hinder for samrbeid. Eg ser heller ikkje nokon andre store saker som skal vere til hinder, seier Mo. Kommunestyrevalet er 14. september i år.

Stina Aasen Lødemel i Ørsta SV meiner det var ein suksess då dei raudgrøne samarbeidde i regjering, og trur det same kan skje i Ørsta.