Det var då Sven Castberg (48) sat i ei jordhytte, saman med den blinde bonden Karan, han verkeleg tok innover seg kor urettvis verda er, og kor privilegerte vi er i Noreg. Karan var fødd med sjukdomen grå stær som gjorde at han ikkje kunne sjå i dagslys. Karan er 32 år og har to små barn, og han må jobbe i stummande mørke om natta for å brødfø familien sin.

Ei veke seinare sat dei saman i hytta igjen. Då hadde Karan fått synet og livet tilbake.

– Å oppleve at blinde får att synet, er berre ei ubeskriveleg oppleving, reflekterer Castberg. Ein operasjon som tok mindre enn fem minutt gav Karan synet tilbake.

Lokalpolitikken

Folk flest kjenner han nok mest frå lokalpolitikken og eit sterkt helsepolitisk engasjement. Men Sven Castberg spelar også på lag med Norges Blindeforbund. I 2000 starta han opp ei avdeling for Blindeforbundet i Ørsta, der inntektene går til Blindeforbundet. Frå kjellaren i Ivar Aasen-gata 18 sit seks personar og sel rekvisita og godsaker til næringslivet over heile landet. Tek ein med tre seljarar som er stasjonerte andre stader, omset telefonseljarane for om lag 10 millionar kvart år. Og 6000 pakkar vert ekspederte frå lokalet.

Sven Castberg er også tildelt oppgåva som prosjektleiar for Blindeforbundet si iCare satsing. Her handlar det mykje om å hjelpe blinde og svaksynte i fattige land – og jobbe for å ta hand om rettane til desse. 48-åringen vert engasjert når han snakkar om blindesaka.

– 39 millionar menneske i verda er heilt blinde. 80 prosent av dei er unødvendig blinde. Mange vert blinde av ubehandla grå stær. Dei kan få synet tilbake ved hjelp av ein enkel operasjon til 250 kroner, fortel han.

Castberg kallar det ei av verdas skjulte helseutfordringar at mange personar i asiatiske og afrikanske land lever med ubehandla grå stær. Mange fordi dei oppheld seg i sterk sol utan beskyttelse, og i tillegg er genetisk disponerte for sjukdomen.

Lanserte

Det var hausten 2013 Norges Blindeforbund lanserte iCare, ei kopling mellom norsk design og bistand. Eit av produkta som vert selt for blindesaka er eit kasjmirskjerf designa av Nina Skarra som har stilt med eige merke på prestisjetunge New York Fashion Week. Fleire andre norske toppdesignarar og kunstnarar, som Celine Engelstad og Nico Widerberg, samarbeider med Blindeforbundet.

– Kvart selde skjerf finansierer ein augeoperasjon til ein som er unødvendig blind. Å vite at eit menneske får synet tilbake for kvart skjerf som vert selt er enormt tilfredsstillande, seier Castberg. Han er nøgd med at det i fjor vart selt 6000 kasjmirskjerf gjennom Blindeforbundet.

Oppgåve

Castberg si primæroppgåve når han reiser ut, er å dokumentere korleis Blindeforbundet arbeider overfor samarbeidspartnarar og sponsorar. Castberg finn også fram til nye prosjekt som kan finansierast frå Noreg.

– Men den viktigaste oppgåva mi er å utvikle produkt som er tilpassa den norske marknaden og som kan produserast i mellom anna Nepal. Dette er eit land fullt av ressursar, men dei har eit styresett som ikkje fungerer. Å starte prosjekt i dette og andre land betyr arbeidsplassar. Også for dei blinde. På den måten får dei eit meiningsfullt tilvære, konstaterer Blindeforbundet sin lokale mann, Sven Castberg.