Det nye talkshowet til TV2 Nyhetskanalen, Underhuset, hadde premiere denne veka. Programleiar Cathrine Fossum lovar godt humør og høg temperatur i programmet, og to av dei som skal vere med på å skape dette er Manifest-sjef Cathrine Sandnes og journalist og forfattar Jon Hustad som er faste deltakarar.

Dermed er hjørundfjordringen Hustad tilbake på tv-skjermen igjen etter å ha vore programleiar for aktualitetsprogrammet Harde Fakta, saman med Elin Ørjasæter, i 2012.

I Underhuset møter Hustad og Sandnes to nye gjestar kvar veke til engasjerande og provoserande debatt.