– Dette er nesten ein prototype, så ferskt er dette produktet, seier dagleg leiar Jan Endre Vartdal i Vartdal Plastindustri.

Kassa han viser fram, er annleis enn den vanlege Vartdalkassen, som har vore brukt som fiskeemballasje i mange tiår. Denne er nemleg flatpakka.

– Det gir store fordelar, særleg med tanke på frakt. Desse tek nesten ikkje plass inne i lastebilane, seier Vartdal.

Kylling og frukt

Men det er ikkje først og fremst fisk Vartdal har tenkt å pakke i kassen.

– Nei, no har vi drive testing med kassa på kylling og frukt, og det er der vi ser for oss at marknaden ligg. Emballasjen som blir brukt til dette no, har nesten ikkje isolering, medan våre kasser har ei velprøvd og unik isolasjonsevne. Det gjer at produkta blir meir haldbare når våre kasser blir brukt, seier Vartdal og held fram:

– Fiskekassene leverer vi til slakteri som ligg nær fabrikken, og då er ikkje fordelane med flatpakking like stor. Difor trur eg desse vil halde fram med å bruke den vanlege Vartdalkassen.

Nøgd med 2014

Vartdal Plastindustri har lagt bak seg eit godt, men utfordrande 2014.

– Når det gjeld sal, vart 2014 om lag på linje med året før, kanskje litt betre. Når det gjeld produksjonen, har råvareprisen mykje å seie for oss, og vi er særleg eksponert mot oljeprisen. Det var meir krevjande, men vi kom ut med eit resultat eg er godt nøgde med, seier Vartdal.

I 2013 låg omsetninga til Vartdal plast på 500 millionar kroner.

Sjølv om nyvinningar er viktig for den tradisjonsrike verksemda ved Vartdalsfjorden, er det ikkje eit mål for Vartdal Plast å vere mest mogleg spektakulære.

– For oss er det viktig å bygge stein på stein, og ha ei trygg og solid bedrift. Vi er nok litt trauste, men det er ein del av filosofien vår. Eg brukar å seie at alt vi gjer, gjer vi for å styrke fabrikken på Vartdal.

Etter kvart er verksemda likevel å finne også utanfor Vartdalsstranda. Fabrikken på Ualand ved Egersund er allereie godt etablert. Før jul etablerte dei seg også med lager på Romerike.

– Dette grepet gjer vi for å styrke posisjonen vår inn mot kundar på Austlandet, særleg innanfor byggjenæringa. Produksjonen blir som før, men no har vi høve til å mellomlagre varer på Austlandet. Dei treng gjerne rask levering, og det får dei med det nye lageret.

Bygg

I tillegg til emballasje, er nettopp levering av produkt til byggjebransjen viktig for Vartdal Plast. Også her ser den daglege leiaren lyst på framtida.

– Vi har nettopp lansert ein nettopp lansert ein ny sjølvsløkkande isolasjon, som eliminerer risikoen under tekking av tak med open flamme. I tillegg synest eg det er veldig kjekt at veggsystema vi leverer, er svært mykje brukt lokalt her i Ørsta og Volda. Det set vi pris på.

Ser lyst på 2015

Sjølv om næringslivet vaklar for tida, ser Vartdal-sjefen lyst på 2015.

– For meg er det umogleg å gå inn i eit nytt år utan å ha trua. Vi budsjetterer med vekst i 2015. Ein av styrkane våre, er at bedrifta er spreidd på mange marknader, og ikkje avhengig av ein enkelt marknad. Det kjem toppar og botnar i 2015 også, men sett under eitt, blir det eit godt år, seier Jan Endre Vartdal.