Arild Bakke har funne seg til rette i ein svart skinnstol som osar av klassisk design. Stolen er ein del av Lindbak Møre si nysatsing i Ørsta; møblar. Kjende klassikarar frå Arne Jacobsen og Charles Eams med mange fleire, står på rekkje og rad. No førebur dei nyopning av verksemda. Dei har flytta frå Strandgata til nye lokale i R-senteret i Hovdebygda. I vindauget står dei grommaste stolane på utstilling.

– Men desse er spydspissane. Dette er stolar som eignar seg som det vesle ekstra i ein resepsjon eller liknande. Hovudtyngda av det vi vil satse på er kontormøblar, frå dei heilt rimelege til dei dyrare. Vi har eit stort spenn frå til saman 60 leverandørar, hovudsakleg frå Skandinavia, fortel Bakke.

Også den lokale produsenten Fora Form har fått plass i lokalet.

– Vi kan tilby full pakke til firma, men har allereie no merka pågang frå private kundar også. Vi vil gjerne hjelpe alle, men det kan vere lurt å avtale tid på førehand, for dette er ei utstilling, og ikkje ein butikk i ordets rette forstand, seier Bakke.

Hovudmarknaden deira er funksjonelle og ergonomiske arbeidsbord og arbeidsstolar.

Maskin

Lindbak i Ørsta er mest kjend for å drive med kontormaskiner. Der er Gard Glomnes primus motor, med 30 års erfaring. Maskinene vil framleis vere ein viktig del av verksemda, i tillegg til møblane. I Ørsta er dei fem tilsette, og saman med avdelinga i Ålesund tel dei 12 totalt. Også i Førde har dei ein mann som skal syte for marknaden der. Dei samarbeider tett med Ålesund, der dei også har ein nytilsett interiørkonsulent.

– Det som er litt unikt med kontoret vårt i Ørsta er at vi også har Morten med på laget.

Morten Ottesen er fysioterapeut, og kan såleis bidra med kunnskap om korleis dei best muleg kan legge til rette for gode arbeidsforhold.

Offisiell opning

Komande torsdag vert det offisiell opning av utstillinga i R-senteret. Då kjem også Oddvar Skjæveland, som er Noreg sin leiande fagperson innan miljøpsykologi.

– Då inviterer vi ulike firma frå området til å vere med. Vi gler oss over å vere på plass i trivelege lokale i eit kjekt miljø, seier Bakke.