– Eg hadde aldri trudd at eg skulle få Kongens fortenestemedalje, og det var veldig overraskande. Det er spesielt å få ei slik æra, og at det er andre som har vurdert min innsats, sa Høydal fredag føremiddag.

Sjølv visste ho ingenting om at det vert sendt søknad, og at ho skulle få tildelt Kongens fortenestemedalje.

– Eg fekk vite det førre laurdag. Det vart organisert eit telefonmøte der eg vart henta inn. Dei som var på lina var ikkje ei naturleg samansetning, og då skjønte eg at det var noko heilt spesielt.

Svein Helgesen, Greta K. Herje og Lars Aage Eldøy står bak initiativet til søknaden og rosar det arbeidet Høydal har lagt.

– Eg kjenner ingen som har ei slik evne til å engasjere seg i store og mindre saker, også på landsplan, som Karen. Måtte vi få behalde henne som fylkessekretær i mange år framover sjølv om «pensjonsalderen» nærmar seg, heiter det i søknaden.

På starten av 80-talet var Høydal nestformann i Møre og Romsdal sitt fylkeslag i revmatikarforbundet. I 1983 vart ho tilsett som sekretær.

– Alt då viste ho si store evne til å organisere og interesse for alt som hadde med revmatikarsaka å gjere. I første omgang på fylkesplan, seinare også på landsplan.

I 1984 vart ho fast tilsett i fylkeslaget som sekretær, ei stilling som ho framleis har, og ho var den første fast tilsette fylkessekretæren i Noreg.

– Frå dette tidspunktet starta hennar store engasjement til beste for alle revmatikarane i fylket og på landsplan.

Høydal vart frontfiguren i arbeidet med opprettinga av revmatologisk avdeling ved Ålesund sjukehus. Ho engasjerte seg mykje i arbeidet med å stifte nye foreiningar i fylket. Det var elleve foreiningar då Høydal starta som sekretær, og talet vaks raskt til 25–26. Ombygging av sjukehusbassenget til eit revmatikarbasseng har vore eit stort arbeidsområde for Høydal, og ho har vorte brukt som konsulent i slike saker over heile landet, og i utlandet.

Fredag kveld var over femti gjester samla på Rekkedal gjestehus, og ordførar Rune Hovde stod for utdelinga.