Møre Miljøsanering AS har gjort fleire funn av farleg avfall i Røed-huset. Huset i Kyrkjegata er vedteke rive, og Statens vegvesen skal byggje ei busslomme på staden. Dei ønskjer å bruke betongen frå huset til fyllmasse.

– I murmålinga på betongen er det gjort funn av PCB over normalverdi. I utgangspunktet må massane då verte levert til godkjent avfallsmottak, men det kan vere muleg å gjenbruke viss det vert utført ei risikovurdering, og denne viser at det ikkje er risiko for spreiing av forureining, skriv firmaet i rapporten om Røed-huset.

I framkant av huset har dei registrert at det er dårleg drenering, noko som har ført til fuktproblem i kjellaren, og mest truleg sopp. Elles i huset er det gjort funn av kvikksølv i lysstoffrøra, klorparafin i åtte vindauge og ei dør, ftalater i vinylbelegg, ein del elektrisk avfall og parafin i ein nedgravd oljetank av ukjent storleik. Det er også muleg at det er eternittplater utanpå grunnmuren, trur Møre Miljøsanering.

– Det er viktig å merke seg at miljøsaneringa må verte gjennomført før det vert sett i gang med maskinell riving.