Ørsta og Volda kommunar skal i gang med ei storstilt viltregistrering. Prosjektleiar Magnar Selbervik har planane klare. I løpet av januar – april skal han og dei andre i gruppa snakke med informantar og samle data. Deretter skal samlinga digitaliserast og danne grunnlaget for eit kart som skal vise viktige beiteområde, hekkeområde, hi, yngleområde etc. for ulike artar som enten er svært vanleg i området, eller som er sjeldne og kanskje trua av utrydding.

– Frå gamalt av var dei største truslane mot ulike artar gjerne jakt og miljøgifter. I dag er det arealforvaltning. Drenerer vi ut eit våtmarksområde for utbygging, kan vi risikere å øydelegge grunnlaget for at visse dyreartar skal klare seg, seier Selbervik, som mellom anna trekk fram storlom som eit døme på ein fugl som ikkje lenger er å finne her i området.

Viltansvarleg hos fylkesmannen, Astrid Buset, fortel at Ørsta og Volda er først i Møre og Romsdal med denne satsinga.

– Det er uttalt frå regjeringshald at dei ønskjer at kommunane skal gjere ei slik viltkartlegging. Eit av måla er at industri og næring som ønskjer å etablere seg, skal få kortare sakshandsamingstid. Kjem dei på kontoret med ein byggesøknad, skal kommunen kunne bruke viltkartet som eit verktøy for å handsame søknaden effektivt, seier ho.

Selbervik seier at ting ikkje er statisk. Det vert drive hogst, det kjem nye kraftliner, og det skjer store inngrep i naturen.

– Kommunen har ansvar for å vite konsekvensane av det dei gjer. Dette er eit «føre-var».

Det er lite materiale på kommunenivå frå før av. Fylkesmannen har ei oversikt frå 1989. Sidan har det vore nokre spreidde rapportar om ulike artar. No satsar Ørsta og Volda på å få tak i mest muleg informasjon om flest muleg artar.

– Vi kjem til å ta kontakt med ulike informantar som vi veit om, og reknar med at ballen vil rulle litt av seg sjølv etter det. Men vi er sjølvsagt interessert i å kome i kontakt med folk som veit noko om ulike artar i området, eller har noko kuriøst eller historisk å fortelje. Ting vert handsama konfidensielt, for der er visse lovar og reglar om kva vi kan bringe vidare om ulike artar, opplyser Selbervik.

Kartlegginga skal omfatte både amfibia, fuglar og pattedyr.