– 48 nye saker i 2014 er det høgste talet på nye saker som er registrert ved Sunnmøre jordskifterett på eit år. Det er meir enn dobling i talet på nye saker per år, samanlikna med første åra på 2000-talet, melder dei i årsmeldinga si.

Sjølv om talet på nye saker aukar, så er snittet på sakshandsamingstida redusert med 7 månader til 1,2 år i løpet av dei siste to åra. Snittet på ventetida for å ta nye saker til handsaming er siste par åra redusert frå over 2 år til 0,5-1 år.

Avslutta 60

Jordskifteretten skal bidra til å løyse problem knytt til eigedomar eller rettar til eigedomar. Jordskifteretten klarlegg grenser og rettsforhold, løyser opp sameige, omformar eigedomar ved arealbyte og fastset reglar for sambruk mellom eigedomar.

I 2014 avslutta jordskifteretten 60 saker (47 i 2013), fire av desse med tilkalla dommar. Ein dommar ved jordskifteretten avslutta i tillegg tre saker ved andre jordskifterettar.

461 partar

Ved årsskiftet har jordskifteretten 77 saker til handsaming, pluss ei sak ved ein annan jordskifterett. Dette er 12 saker færre enn ved årsskiftet i fjor.

15 avslutta saker gjeld bruksordning og omforming av eigedomar. Eitt skjøn er handsama og 44 saker gjeld kartlegging av grenser og rettsforhold.

33 tvistar er avgjorde ved rettsforlik eller dom, og det er gjort 216 rettsfastsetjande vedtak for uklare rettstilhøve. Det er merka 807 grensepunkt og målt inn 40 km grenser. I alt var 461 partar involvert i dei avslutta sakene.

Av nye saker som kom inn i 2014 er 32 saker knytt til uklare grenser og rettsforhold. To saker gjeld utarbeiding av reglar og sambruk, og 14 saker gjeld omforming av eigedomar.

I 2014 hadde jordskifteretten 7,1 årsverk.