– Serien «Marit og dyra» handlar om seks år gamle Marit Krakset og det fargerike dyrelivet på Hakallegarden i Vanylven. Serien vil vise norske barn både glede og sorg ved gardsliv.  Den store gleda når dyr blir fødde, sorga når dyr Marit er glad i døyr og fortvilinga når dei vaksne bestemmer kva dyr som skal til slakteriet for å bli mat, skriv NRK Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

NRK Sogn og Fjordane har laga serien, som er på åtte episodar. Den første episoden skal gå tysdag 3. februar i Barne-TV og totalt blir det åtte episodar tysdagar i februar og mars.

Ansvarleg for serien er producer, Eva Westvik og fotografane Arne Stubhaug og Ole Andre Rekkedal. Det same teamet, som tidlegare har laga seriar som, Her er eg og Klart eg kan. Arbeidet med den nye dokumentarserien om Marit Krakset tok til i mars og vart avslutta i desember i fjor.

– Det var eit fargerikt år i lag med ei svært tolmodig jente og mange fine og artige dyr, seier Eva Westvik, som håpar resultatet vert til glede for både ungar og foreldre.