– Eg meiner vi er modne for å slå saman Volda og Ørsta, og at det bør skje så fort som mogleg, seier Jørgen Amdam.

Ikkje ytre eller Nordfjord

Høgskuleprofessoren vart valt som Volda Arbeidarparti sin ordførarkandidat under nominasjonsmøtet onsdag.

Sjølv om han vil jobbe for kommunesamanslåing, meiner han det er nok med dei to nabokommunane i første omgang.

– Eg trur ikkje vi er heilt modne for ei samanslåing med kommunane på ytre eller i Nordfjord med det første. Det kan vi vurdere etter ei tid, men i første omgang er det viktig å samle Volda og Ørsta. Prognosane viser at ein slik kommune vil passere 20.000 innbyggjarar om fem til ti år, så det vil ikkje bli noko lita eining.

Dette er eit område Amdam har stor kompetanse på. I det daglege verket sitt på høgskulen arbeider han nettopp med tema som kommunesamanslåing og tettstadutvikling.

– Eit godt samarbeidsklima er viktig for å få ei vellykka samanslåing. Det har vi i Volda og Ørsta. Vi er tett integrerte på mange område.

Skule, sentrum og sjukehus

Fullføring av Øyra skule og ny storhall står høgt på lista over saker Volda Ap vil prioritere i neste periode. Amdam meiner likevel samferdsle blir eit viktig tema i åra framover.

– For å vere attraktive, treng vi eit krafttak for velfungerande sentrum både i Volda og Ørsta. Det er viktig å få på plass Voldatunnelen og kryssinga av Ørstafjroden, slik at vi får trafikken ut av tettstadene. Då kan vi få til ei skikkeleg satsing.

Dei store reformene i sjukehus- og høgskulesektorane opptek også Amdam.

– Det er viktig å få bort hindringane i fylkes- og helseføretaksgrenser, slik at Volda sjukehus kan vere eit regionsjukehus for Søre Sunnmøre og Nordfjord. Det er ein region med 76.000 innbyggjarar, som er nok til å halde ved like eit godt sjukehus. Når det gjeld høgskulen, er arbeidet med Campus Volda med eit eige kulturbygg svært viktig.

Store ambisjonar

Ved kommunevalet i 2011 fekk Volda Ap 14,3 prosent av røystene. I år har Amdam større ambisjonar.

– Vi bør nærme oss oppslutninga til Ap nasjonalt, og vere med å kjempe om ordførarvervet.

– Så de vil opp mot 30 prosent?

– Det bør vere målet. I det minste bør vi få like høg oppslutning som Ap hadde i Volda ved fylkestingsvalet i 2011 (21,4 prosent, red. merk.)

Nominasjonsliste, Volda Arbeidarparti

1   Jørgen Amdam

2   Hild Våge

3   Magnar Sunde

4   Margrete Trovåg

5   Bjørn Ytrestøyl

6   Milan Ilic

7   Uthman Abu Harbid

8   Ingunn Rusten Øye

9   Kari Overå

10 Kaspar Fredrik Selvik

11 Morten Osdal

12  Anne-Lise Fredly

13  Espen Stray Helle

14  Arne Ullaland

15  Per Kåre Nesset

16  Kirsten Homberset

17  Aud Osdal

18  Inger May Viklund

19  Eivind Indresøvde

20  Hildegunn Homberset

21  Anne-Grete Eiken

22  Torill Rødven Eide