No tek Statens vegvesen i bruk ein ny og heildigital versjon kontrollsystemet sitt, som går under namnet VaDIS. Det opplyser vegvesenet i ei pressemelding.

– Dette er eit topp moderne verktøy som vil bidra til ein enklere og meir effektiv kvardag både for oss og for dei vi kontrollerer. Fleire og meir målretta kontrollar vil syte for at det er enklare å kome seg fram på norske vegar, og gjere vegane tryggare for alle som nyttar dei, seier avdelingsdirektør  Bodil Rønning Dreyer i Statens vegvesen.

I det nye systemet, kjem historikken til køyretøy og sjåfør automatisk opp når registreringsnummer eller fødselsnummer blir skrive inn.

– Målet med kontrollane våre er å ta syndarane. Verken vi eller transportbransjen er tente med at vi brukar tida på dei som har tinga i orden. Tida vi sparer på digitaliseringa vil gi oss tid til fleire kontroller, men også å bruke meir tid på å kontrollere dei køyretøya som verkeleg er farlege, seier Dreyer.

Med det nye systemet, får ein ikkje lenger eit papir frå vegvesenet om ein har manglar på bilen. I staden får sjåførane ein sms eller e-post med lenkje til sin eigen kontrollseddel og eventuell mangellapp.

– Vi har framleis høve til å skrive ut kontrollseddel om det er naudsynt, presiserer Dreyer.