I mai i fjor vart kvinna dømt i Søre Sunnmøre tingrett for vald og krenkingar mot sine tre barn, og for å ha tilrettelagt at ektemannen skulle forgripe seg på hennar ti år gamle dotter. Ho vart dømt til fengsel i tre år og ni månader, og til å betale oppreisningserstatning til sine tre born.

Ekteparet vart skilt ved dom, og barnevernet har teke over omsorga for barna. Den tidlegare ektemannen erkjende alle forhold han var tiltalt for og har akseptert dommen på sju år og sju månader. Han er diagnostisert som pedofil.

Kvinna anka saka til Frostating lagmannsrett både rundt bevisdømminga under skyldspørsmåla i tiltalen og straffeutmålinga. Lagmannsretten meiner kvinna aktivt medverka for at ektemannen skulle ha samleie med dottera som var ti år og åtte månader då overgrepet skjedde. Dei meiner at medverknaden i straffverdigheit er like alvorleg som sjølve overgrepet, og omtaler handlinga til kvinna overfor dottera som eit svik, og ei grov og kynisk utnytting.

Kvinna vann ikkje fram i Frostating lagmannsrett, og må óg betale 200.000 kroner til dottera i erstatning.

Illustrasjonsfoto