Initiativet tok Hovde etter at landbruksnemnda kom med ei fråsegn der dei stiller spørsmål ved dei låge erstatningane som er ved naturskade, noko dei meiner distrikta må lide for. Dei viser då særleg til naturskadar som hende i 2013, med skjønnssakene rundt raset på Vartdal og naturskadane på Mo og i Bondalen.

Fokus

– Vi skal ikkje spå vêret, men mykje tyder på at det vil verte våtare og villare. Vi må ha fokus på dette, og det er viktig å ta på alvor dei som opplever dette. Dei møter mange lovar og reglar og hamnar i ein vanskeleg situasjon, seier Hovde.

Han seier at han har hatt møte med landbrukskontoret, og at dei har sagt at dei vil sjå på korleis dei kan gripe fatt i saka.

– Sjølv har eg kontakta departementet og bede om eit møte med landbruksminister Sylvi Listhaug. Vi er ei stor landbrukskommune i Møre og Romsdal, og vi må ta tak i dette og prøve å løfte det, seier Hovde.

– Det er eit stivbeint regelverk mange møter, og det er viktig at vi prøver å følgje opp. Så står det berre att å sjå om dei ønskjer å møte oss, kommenterte Karen Høydal (Ap).

Ordføraren har bede om å få møte ministeren i jan./feb.