ModusLAN legg ned etter fire år og sju dataparty på Ørsta kulturhus. Det blir dermed ikkje dataparty i Ørsta i vinterferien i år.

Dei viktigaste personane bak arrangementa har ikkje lenger høve til å arrangere dataparty to gonger i året.

Det vart gjort forsøk på å rekruttere nytt styre i 2014, men dette førte ikkje fram. Martin Håndlykken, styreleiar for ModusLAN, var deltakar første gong, og har vore med å arrangere alle gongene etterpå:

– Det har vore ei fantastisk reise, men no er tida inne for å kaste inn handkleet og la andre ta over roret, seier Martin, i håp om at andre tek initiativ og arrangerer nye dataparty i området.

Rom for datatreff

Arrangørane av ModusLAN meiner likevel det er behov for eit slikt arrangement i området.

– Responsen på det førre arrangementet var enorm. Alle 150 billettane var utselde etter fem minutt. Både deltakarar og foreldre har gitt positive tilbakemeldingar om at ModusLAN har vore eit tiltak som appellerer til ei breiare målgruppe enn lokalidretten, heiter det i ei pressemelding frå ModusLAN.

I utgangspunktet vart ModusLAN arrangert av avgangselevar ved studieretning for Medium og Kommunikasjon ved Volda vgs., og elevar herifrå har vore med på alle dei sju arrangementa. I 2013 vart ModusLAN formalisert som ein frivillig organisasjon med eit fast styre.