Volda vassverk melder om vasslekkasje i Heltnevegen. Vatnet bli avstengt frå krysset Heltnevegen-Røyslidvegen.

Reparasjonsarbeidet startar opp med ein gong, men vatnet kan bli borte heile torsdag. Vatnet blir påsett utan nærare varsel.

– Dersom vatnet er misfarga, bed vi abonnentane om å tappe kaldevatn til det er heilt klart. I denne perioden skal ein ikkje bruke varmevatn, opplyser Volda kommune.