– Eg kan stadfeste at banken er ein av dei fire som har kome med bod om å leige ut lokale til det nye legesenteret, seier Knut Åmås, seksjonsleiar for helse og velferd i Ørsta kommune, til Møre-Nytt. Det var Nett.no som først skreiv at banken er med i konkurranse om legesenteret.

– Vi har levert eit tilbod på lik linje med dei fire andre. Eg let det vere opp til kommunen å kommentere saka utover dette, seier administrerande direktør Solveig Midtbø i Sparebank1 Søre Sunnmøre til Møre-Nytt.

Vikegata

Frå før er det kjent at banken skal som kjent flytte inn i nye lokale i Ørsta Torg i løpet av kort tid.  Midtbø stadfestar at det dagens banklokale i Vikegata dei har gitt kommunen tilbod om å leige.

Ørsta kommune gjekk vidare med to av dei fire tilboda på nytt legesenter, og er no i ferd med å bestemme seg i saka.

Verken Åmås eller Midtbø kan stadfeste at kommunen har gått vidare med tilbodet frå banken, og kan heller ikkje opplyse om kven dei andre tilbydarane er.

– Eg forstår at dette er spennande for mange, men innhaldet i tilboda er konfidensielt. Difor kan vi ikkje gå ut med noko før alt er på plass, seier Åmås.

– Kommunen er klar

I formannskapsmøtet tysdag, orienterte ordførar Rune Hovde (H) om prosessen.

– Kommunen er for så vidt klar. No skal vi ha eit møte med legane. Vi må ha dei med på laget.

Paul Kristian Hovden (KrF) stilte spørsmål om det ikkje då vil vere like greitt at Ørsta kommune byggjer nytt legesenter sjølve, i staden for å ta sikte på langtidsleige. Hovden fekk støtte frå Petter Bjørdal (Ap)

Ordføraren fortalde at dei tek sikte på å legge fram ei sak for formannskapet 3. februar, og at det vil vere rikeleg høve til å diskutere saka då.

– Det vi veit er at om vi går for denne tilbydaren, så er det snakk om langtidsleige på minst ti år, og at dei kan ha klart lokalet om eit års tid. Får vi ikkje til dette må vi ta eit steg tilbake og vurdere andre alternativ igjen. Det som er positivt med den løysinga vi ser på no er at det er ei vidareføring av dagens modell, med legevakt og fastlegeteneste, men i nye og tenlege lokale.

Til sals

Samtidig med dette, har Sparebank1 Søre Sunnmøre lagt ut lokala i Vikegata for sal, med ein takst på 10 millionar kroner.

– Men det hindrar oss ikkje i å eventuelt leige ut lokala til legesenter. Vi held moglegheitene opne for både å selje og å leige ut, seier Midtbø.

Knut Åmås stadfestar at Sparebank1 Søre Sunnmøre er ein av dei fire som tilbyr å leige ut legesenter-lokale.
Administrerande direktør Solveig Midtbø i Sparebank1 Søre Sunnmøre