– Tysdag arresterte vi tre mann av litauisk opphav for pelstjuveriet i Norangdal og på Dombås, seier etterforskningsleiar Grete Hjelle.

Har funne pelsskinna

I desember i fjor fekk politiet melding om tjuveri av pelsskinn i Norangdal. Tjuveriet hadde skjedd om natta, og teknikarar frå Ålesund var på staden dagen etter for å gjere undersøkingar.

– Pelsskinna er funne. Skinna frå Dombås er allereie levert tilbake, og skinna som vi har vert snarleg returnert til eigar, seier Hjelle.

Fengsla i fire veker

Dei arresterte er no fengsla for fire veker.

– Vi er glade for melde dette, og det er resultat av god etterforsking og godt samarbeid. Vidare etterforsking i saka vert no gjort.

– Vart personane arrestert i området her?

– Det var ein planlagt aksjon, og dei vart arrestert på Sunnmøre, seier Hjelle.