Vi har store moglegheiter i Volda, det gjeld berre å finne dei og nytte dei best mogleg. I prosessen har derfor alle innspel og meiningar noko å seie for den vidare utviklinga av Volda, seier varaordførar Dag Bjørneset i Volda til nettstaden til Volda kommune. Han er også leiar i styringsgruppa for Sentrumsprosjektet Mellom Bygningane.

Komande måndag inviterer dei til ope møtet om framtida til Volda sentrum.

– StudiebygdA Volda skal vere ein møteplass der vi kan dele og lære av kvarandre. Derfor ynskjer vi å invitere Volda-samfunnet til ope møte for å kome med innspel og idear til korleis vi saman kan utvikle Volda.

Målet med møtet er å få innspel til utviklignsplanen for sentrum.

– Vi ønskjer å lage til ein utviklingsplan med konkrete føreslag til aktivitetar og tiltak som kan løfte sentrum. Dette gjeld både for besøkande og fastbuande – kort sagt for alle dei som nyttar Volda sentrum.