I desember i fjor melde Ose Ingeniørkontor AS på vegner av Øy Gardslag om varsel om oppstart av regulering i Øy utmark, og målet er ei utviding av Øy hyttefelt. Planen omfattar 295 da, og hyttefeltet ligg på søraustsida av dalføret opp mot Myklebustsetra. I området er der større dyrkingsfelt.

Øy hyttefelt har i dag om lag 12 hytter/fritidshus, og har kapasitet for om lag 35 einingar innanfor gjeldande plan.

– Frå landbrukshald har ein likevel ikkje store innvendingar mot ei utviding av Øy hyttefelt. Areal som eventuelt vert regulert ved utvidinga er lite eigna til nydyrking, dette grunna både topografi og bonitet.

Landbruksnemnda meiner at med den låge utbyggingsaktiviteten dei siste 20–25 åra synest planen å vere noko arealmessig overdimensjonert. Dei føreset at dyrka areal som ligg innanfor foreslått plangrense enten vert teken ut av planen, eller vert regulert til jordbruk.