I 2014 gjennomførte Scana Volda ein større prosess for å spare kostnader. Dette inkluderte mellom anna nedbemanningar i verksemda.

– Til saman skulle vi spare 20 millionar kroner, og dette har vi no gjennomført, seier administrerande direktør Hallvard Pettersen i Scana Volda til Møre-Nytt.

– Kor mange har slutta som følgje av denne prosessen?

– Eg ønskjer ikkje gi noko tal på det, men vi har gjennomført dei planane vi hadde.

Krevjande

Sidan Scana er eit børsnotert selskap, er ikkje resultatet for 2014 offentleg enno. Resultatrapporten for tredje kvartal viser likevel ei betring i resultatet i høve til 2013.

Signala i marknaden gjer at at Pettersen trur 2015 blir eit krevjande år for den tradisjonsrike verksemda i Volda.

– Marknaden har ikkje betra seg noko særleg den siste tida, og fallande oljepris og følgjene av denne, gjer at det ikkje er grunn til å tru at han skal gjere det med det første heller. 2015 blir eit tøft år for bransjen, og det blir hard konkurranse om kvar kontrakt.

Det finst likevel lyspunkt for Scana Volda.

– Vi jobbar med fleire spennande prosjekt både på tradisjonelle gir- og propelløysingar og det som heiter permanentmagnetteknologi. Her er vi ein god posisjon for å få på plass kontraktar, seier Pettersen.

– Vi tilpassar oss

– Gjer den vanskelege situasjonen at de vurderer nye rundar med nedbemanningar?

– Vi følgjer utviklinga kontinuerleg, og vurderer inntektspotensialet vårt. Om naudsynt, vil vi tilpasse oss. Det er vi nøydde til.

– Er det konkrete planar om nedbemanningar, utover det som vart gjennomført i 2014?

– Som sagt følgjer vi utviklinga kontinuerleg og vi kan ikkje utelukke at nye tiltak blir sett i verk. Fokuset vårt framover vil vere å styrke konkurransekrafta vår og auke omsetninga, seier Pettersen.

Scana Volda er del av Scana Industrier, og leverer primært gir- og framdriftssystem til skip. Verksemda feira 100 år i 2013.