I lang tid har folkehøgskuleelev Rhomeliza Montalba i Ørsta gledd seg til å reise på studietur til Afrika med klassen. No er passet hennar rota vekk i Posten, og turen kan gå i vasken, fryktar 25-åringen.

– Eg har gledd meg svært mykje, og er veldig trist, fortel Rhomeliza Montalba medan tårene renn.

Folkehøgskulen

Den Filipinske kvinna er heimebuande i Ørsta der ho dette året går på Adventure-lina på Møre Folkehøgskule. Årets høgdepunkt for dei tretten elevane er ein fem vekers studietur til Sør-Afrika, Mosambikk og Swaziland.

Dei elevane som er norske statsborgarar må berre søkje visum på den mosambiske ambassaden i Stockholm for å få innreiseløyve. For Rhomeliza Montalba derimot er situasjonen annleis. Ho er i Noreg på studentvisum og treng visum til både Sør-Afrika, Mosambikk og Swaziland i samband med studieturen.

– For å få visum til Mosambikk og Swaziland er det nok å sende ein søknad, men for å få visum til Sør-Afrika måtte Rhomeliza møte opp personleg på ambassaden i Oslo, fortel Rhomeliza sin lærar, Birte Einan.

Rhomeliza reiste til Oslo i desember for å ordne visumsøknaden, og då måtte ho leggje att passet sitt, slik prosessen krev.

22. desember fekk Rhomeliza ei rekommandert sending i Posten, noko som høgst truleg skulle innehalde passet og svaret på visumsøknaden. Men då Rhomeliza gjekk på Posten i Ørsta for å hente brevet som var poststempla i Oslo 19. desember, var der ikkje noko rekommandert sending som venta på ho.

Åtte veker

– Ingen veit noko om kvar passet hennar har vorte av. Vi har fått vite at det tek åtte veker å skaffe nytt pass. Avreise på turen vår er 18. februar. Det finst ikkje noko ordning med nødpass på Filippinane, og slik det no ser ut kan ikkje Rhomeliza reise. Situasjonen er svært fortvilande, seier Birte Einan.

Ho understrekar at ingen er ute etter å hengje ut Posten.

– Posten sine folk, både lokalt og sentralt, har vore fantastisk hjelpsame. Det er jo menneskeleg viss nokon har gjort ein feil i samband med denne saka. Likevel er det særs beklageleg at dette får så store konsekvensar for Rhomeliza som det ser ut til at det gjer. Ho er jo heilt uskuldig opp i det heile, seier Einan.

Det er ikkje noko trøyst for jenta at Posten er villig til å betale den sørafrikanske ambassaden 1000 kroner i kompensasjon då ambassaden er avsendar av det rekommanderte brevet.

Rhomeliza Montalba har spart pengar i lang tid for studieturen, og det er ei knust ung dame Møre-Nytt møter.

– Dette er ein forferdeleg situasjon. Eg har gledd meg lenge til å reise på denne turen. No fryktar eg at nokon finn passet mitt og forfalskar det, seier folkehøgskuleeleven som har budd i Ørsta siste par åra.

Beklagar

Kommunikasjonsdirektør i Posten Norge, Elisabeth Gjølme, beklagar sterkt at passet til Rhomeliza har forsvunne.

– Vi er fortvila vi også, og rådlause i høve til å bidra til at Rhomeliza får eit nytt pass raskt slik at ho får vere med på turen. Vi er villige til å strekkje oss langt for at det skal skje, men konstaterer at det ikkje er noko vi kan gjere, seier Gjølme til Møre-Nytt.

Ho trur at passet er sendt til feil adresse og at det dukkar opp. Men truleg ikkje tidsnok.