VikØrsta har lagt bak seg eit godt 2014. I 2015 budsjetterer bedrifta med ein auke på 50 millionar.

– Resultatet i 2014 var om lag som forventa. I 2015 forventar vi ein positiv auke på to delar av verksemda vår: Bergsikring og lysmaster, seier administrerande direktør Kjetil Nesset i VikØrsta til Møre-Nytt. Både omsetning og resultat i fjor var om lag på nivå med året 2013.

Effektiviserer

Trass i mørkare økonomiske utsikter i Noreg, og ein svakare kronekurs, ser Nesset lyst på utsiktene for VikØrsta i 2015.

– Vi har investert 30 millionar kroner i effektivisering og automatisering av produksjonen i 2014. Det gjer oss meir konkurransedyktige. Vi konkurrerer med verksemder som i stor grad produserer utanfor Noreg, og den svakare kronekursen gjer det dyrare for dei å importere produkta sine. Vi  blir også påverka av valutakursen, men ikkje i like stor grad som konkurrentane våre, seier Nesset.

– Vil automatiseringa av produksjonen føre til nedbemanningar?

– Nei, per i dag har vi ikkje planar om nye nedbemanningsrundar i Ørsta.

Budsjetterer med auke

I 2015 budsjetterer VikØrsta med ein auke i omsetninga på 50 millionar, slik at totalen kjem opp i 650 mill.  kroner.

– Vi trur på ein vidare auke på bergsikring og lysmast. I tillegg tyder alle politiske signal på ein auke i vegutbygginga i Noreg. Trafikksikring utgjer 45 prosent av omsetninga vår, og auke i vegutbygging vil også føre til auka omsetning innan lysmast og bergsikring, seier Nesset.

E6 gjennom Gudbrandsdalen, Tresfjordbrua og Bybanen i Bergen er mellom dei store kontraktane VikØrsta har.

Direktøren presiserer likevel at for Vik Ørsta er det like viktig med bevilgningar knytt til trafikksikring og vedlikehald av eksisterande vegar.

– Det er sjølvsagt flott at det blir bygd nye vegar, men vi er også opptekne av å få fram at det er ei stort vedlikehaldsetterslep på vegane i Noreg.

Investeringane og effektiviseringa av produksjonen held fram i 2015.

– Når vi skal produsere i Noreg, har vi ikkje noko val. Vi må automatisere og effektivisere for å vere konkurransedyktige.

Firedagersveke

Sjølv om det går bra økonomisk med VikØrsta, er det innført firedagarsveke ein periode.

– Bakgrunnen for dette er at det gjerne har vore slik at oppdraga våre har hopa seg opp i andre, tredje og fjerde kvartal, medan første kvartal har vore rolegare. Slik er det også i år, seier administrerande direktør Kjetil Nesset.

Dei siste åra har Vik Ørsta brukt den rolege tida til å bygge opp lager. Dette skal dei også gjere i år, men i noko mindre omfang enn tidlegare.

– Vi har allereie ein del standard-produkt på lager, og delen prosjektspesifikke produkt er låg i første kvartal. Vi har difor valt å redusere kapasiteten noko no i starten av året, seier Nesset.

Solidarisk løysing

Sjølv om nokre av avdelingane har grunnlag for full produksjon, har leiing i samråd med dei tillitsvalde kome fram til at firedagarsveke for alle var det rette.

– Alternativet var å permittere ein del av dei tilsette. Vi konkluderte med at det var ei meir rettferdig og solidarisk løysing med firedagarsveke. Eg har inntrykk av at dei fleste aksepterer denne løysinga, seier Nesset.