No får alle abonnentar gratis tilgang til e-avisa til Møre-Nytt. Tidlegare har det vore eit tillegg i bladpengane for å få slik tilgang.

– Vi gjer dette for å forenkle abonnementssystemet, og gjere journalistikken vi produserer meir tilgjengeleg. Lesarane kan no velje sjølv om dei vil lese Møre-Nytt på papir, nettbrett, mobil eller pc, og alt innhaldet er tilgjengeleg for lesarane uansett kvar dei er i verda, seier dagleg leiar, Heidi Myklebust.

Same innhald

Vi skil mellom e-avisa og nettavisa. E-avisa har det same innhaldet som papiravisa, bortsett frå at du les ho på ein skjerm i staden for på papir.

Nettavisa morenytt.no kjem framleis til å vere gratis for alle. Den er i sterk vekst, og kjem til å bli satsa vidare på.

App for nettbrett og mobil

For å få tilgang til e-avisa, må du registrere ein brukar på morenytt.no. Når du har gjort dette, kan du logge deg på med brukarnamn og passord. Du treng berre logge deg ein gong per maskin/nettbrett /mobiltelefon. Dei neste gongene skjer dette automatisk.

E-avisa er tilgjengeleg på fleire måtar. Om du brukar ei vanleg datamaskin, kan du klikke på «Les E-avis» øvst i høgre hjørne på morenytt.no. Då kjem du direkte til e-avisa.

Om du har ein iPad, iPhone eller eit nettbrett eller ein telefon som brukar Android, kan du laste ned ein gratis applikasjon til desse. Det gjer det endå enklare å få tilgang til e-avisa.

Dersom du har problem med å få tilgang til e-avisa, er du velkomen til å ta kontakt.