- Klimaendringene fører til at menneskeskapte landeplagar, som flaum, tørke og ekstremvêr, kjem oftare og kraftigare enn før. Dette går mest utover fattige land. Heldigvis kan vi gjere noko med det, seier Egil Olsen.

I desember stilte Ørsta-artisten opp framfor Stortinget for å  framføre ei litt anna type landeplage: Låten «Boombastic» av jamaicanske Shaggy.

Sjå video av framføringa over.

Framføringa er del av ei omfattande klimakampanje starta av Kirkens Nødhjelp - landeplager.no.

– Målet er å fortelle regjeringa at dei einaste menneskeskapte landeplagene vi godtek, er dei musikalske, skriv dei i ei pressemelding.

Fleire andre artistar har stilt opp i kampanjen. Mellom andre framfører Robert Post «November Rain», og bandet Støv spelte inn Gabrielle-låta «Ring Meg».