For nokre dagar sidan la Ødegård, som bur i Eiksund, ut ein video av Ørsta sett frå lufta på Facebook og YouTube. Responsen har vore stor, og mange ørstingar har delt videoen i sosiale medium.

– Som ulsteining bør eg vel ikkje seie dette høgt, men det er fint i Ørsta, altså, seier Ødegård til Møre-Nytt.

Drone

Videoen er filma av ei drone med påmontert kamera. Ødegård har filma mellom anna Hovdevatnet, Rystefeltet, Ørsta sentrum.

– Teknikken ligg i tommelane, og det krev litt trening for å få gode bilde. Når eg ser på dei første opptaka eg gjorde med drone, er det tydeleg at treninga har hjelpt på. Og så er det mange ting å passe på medan ein filmar. Eg skal ikkje flyge slik at eg er til hinder eller fare for folk eller trafikken i lufta eller på bakken.

Luftfartstilsynet på besøk

Droneflyginga starta som ein hobby for Ødegård, som alltid har vore interessert i film og foto.

– Men etter ei stund kom ein inspektør frå Luftfartstilsynet på besøk. Då fekk eg beskjed om at eg ikkje hadde løyve til å drive denne typen flyging. Då skaffa eg med alle dei rette papira, og starta verksemda Himmelhøgt. No har det vorte meir enn ein hobby, og eg tek på meg kommersielle oppdrag. Eg har mellom anna teke bilde for Volda maskin og Mesterhus, seier Ødegård.

– Men eg har full jobb ved sida av, så filminga skjer i helgane, og elles på fritida.

Volda på lista

Ørsta er ikkje den einaste staden Ødegård har filma. I porteføljen hans finn vi også filmar frå mellom andre Runde, Ålesund, Flø og Kvivsvegen. Men Volda sentrum har han ikkje fanga på film enno.

– Det står på den mentale lista over stader eg ønskjer å filme. Det er ikkje akkurat mangel på flotte stader å filme på Sunnmøre, så der er eg heldig, seier Ødegård.

– Men desse filmane er ikkje kommersielle?

– Nei, dette er pur Noregs-reklame. Men det er jo kjekt å sjå at folk klikkar seg inn på filmane og set pris på dei, seier Ødegård.

Flyging: Droneflyging starta som ein hobby for Joar Ødegård frå Eiksund, men no tek han på seg kommersielle oppdrag også. foto: Jan Henrik Djupvik/Vikebladet Vestposten