Ørsta kommune er negativ til dette.

– Vi finn det ikkje rett å kunngjere søknaden slik fylkeskommunen ber om. Anlegget er ikkje i samsvar med vedteken arealbruk i kommunedelplanen sin arealdel, seier miljøvernrådgjevar Magnar Selbervik i kommunen.

Han viser til framlegg til kommunedelplan for kystsona, der det er lagt opp til ein lokalitet for marine artar, men avgrensa til 300 meter frå land.

Dispensasjon

– Dagens anlegg går utover dette, og er handsama som ein dispensasjon frå gjeldande kommuneplan, seier Selbervik.

Han gjer det klart at dispensasjonen galdt oppdrett av torsk, og såleis i samsvar med intensjonen om berre marine artar i framlegg til ny kystsoneplan.

Søknad om dispensasjon frå kommuneplanen no må grunngjevast godt.

Selbervik viser til at det for nokre år sidan var ei større mobilisering i Hjørundfjorden med kring 8000 underskrifter mot laks og aureoppdrett i fjorden.