Hjørundfjorden vert ofte kalla verdas vakraste fjord, og det ikkje berre av lokale patriotar. Men om det er Hjørundfjorden, Geirangerfjorden eller kanskje Nærøyfjorden som fortener tittelen er likevel mindre viktig.

Hjørundfjorden skjer seg om lag 3,5 mil inn i det alpine fjellområdet som heiter Sunnmørsalpane. Då er inste delen, som strengt teke heiter Storfjorden, teken med. Ei sidearm på om lag 6,5 km, Norangsfjorden, strekkjer seg frå Lekneset inn til Øye. Fjella utgjer eit tindeland på begge sider av fjorden der dei høgste tindane strekkjer seg opp mot 1600–1700 moh. Mange av dei alpine toppane står med foten i fjorden. Dei fleste fjella er ikkje vanskelege å klive opp på, men likevel må området karakteriserast som eit krevjande turterreng.

Eg reknar meg sjølv som lommekjent i Sunnmørsalpane. Eg har traska i området i nærare 30 år, og har gått dei fleste rutene og på dei fleste fjelltoppane. Mitt ruteval er ein av fleire måtar å gjere rundturen på. Ålesund-Sunnmøre Turistforening gjennomførte ein Hjørundfjorden rundt-tur seinare same året, som på enkelte parti overlappa mitt ruteval. På eitt parti vil eg også tilrå andre å gjere eit anna ruteval enn det eg gjorde.

I slutten av juni vart det varsla ein periode med stabilt vêr. Eg valde å gå åleine. Det er ei eiga oppleving å vere på tur og ute i naturen over fleire dagar utan selskap med andre. Eg set pris på det, sjølv om det også er kjekt med godt turlag.

24. juni–Hundeidvika – Trandalssetra

Det var nesten ettermiddag før eg kunne gå opp Megardsdalen. Eg gjekk forbi Storevatnet før eg runda over Tverrfjellet, noko annleis enn turkartruta. Bilvegen som framleis ligg i Riksemdalen tek ned opplevinga av det som elles er eit storslott fjellandskap. Etter ein betre middag ved Storevatnet, hadde klokka vorte om lag 19:30. Skodda låg ned i toppane rundt heile dalen, også oppe i skaret mellom Blåbretinden og Storvasstinden. Det vert nytta ulike namn på dette skaret: Blåbreskaret, Riksemskaret og Trandalskaret. Opp mot skaret låg det også nysnø.

Med full oppakning er det ei bra oppstigning til skaret, særleg sidan eg måtte vasse i nysnø. Sikta var tilnærma null i skoddehavet, men eg kontrollerte rutevalet med kart og kompass. Oppe i skaret var det likevel vanskeleg å vere sikker på om eg var på rett veg. Eg sjekka orienteringsevna ved å slå på ein nedlasta app på mobilen. Først ville GPS’en ha det til at eg var i området Øvre Mo i Ørsta sentrum! Men etter å ha summa seg litt, stadfesta han at eg var der eg trudde. Rundt klokka 22:30 kom eg endeleg ned til Trandalsdalen.

25. juni–Trandalssetra – Storevatnet i Langseterdalen

Turen ned til Trandal og ut til Indre-Trandal gjekk på grusveg, deretter bratt opp i Lisjedalen langs den flotte elva. Ein rast ved dei gamle murane etter eit sel vart også nytta til å studere terrenget innover mot Nordkopskaret. Ein av grunnane til at eg hadde teke rundturen denne vegen, var at eg lenge har vore nyfiken på ei rute frå dalen og opp i Nordkopskaret. Då Turkartet Sunnmørsalpane vart laga, som eg var redaktør for, tok vi etter råd frå lokalkjende ut stisymbolet som elles låg inne på kartgrunnlaga her. Ruta skulle vere bratt og utsett, men nokon skulle likevel ha raudmerka den. Oppstigninga såg trasig ut frå avstand. Eg visste at eit betre alternativ er å gå inn Hjelledalen, og gå opp ei bratt renne til ryggen mellom Råna og Midtre Regndalstind. Der låg skodda tung, og nysnøen låg kvit øvst i renna. Etter å ha kome lenger inn i dalen såg oppstigninga til Nordkopskaret noko betre ut, og eg valde å prøve den. Eg omtalar ikkje denne meir i detalj her, men kan på ingen måte tilrå den som eit ruteval. Då er nok ruta opp til Rånaryggen langt betre og tryggare. Turen ned til Haukåssetra gjennom Nordkopen gjekk i eit dalføre som ikkje er ”ferdig laga” enno. Her går føre seg tydeleg prosessane som har skapt det vakre fjellandskapet vårt framleis. Ras frå alle sider og vatn som fossar ned frå smeltande snøbredar pregar dalen. Etter middagsmat ved Haukåssetra gjekk eg vidare fram Langseterdalen til Storevatnet. Der fekk eg nyte det flotte kveldslyset på ein av favoritteltplassane mine.

26. juni–Langseterdalen – Leira

Første etappen gjekk over Steinreset til Patchellhytta. Her møtte eg eit lite turlag på tre. Dei hadde valt å snu på turen til Slogen, då skodda låg og trykte i toppområdet. Turen gjekk vidare ned Skylstadbrekka, over den vakre Svidebrua frå 1832, og ned til Hotell Union Øye. Lunsj på hotellet var ei kulinarisk oppleving! Den kunne like gjerne vore kalla middag, og eg kan gje gode skottsmål for eit velsmakande måltid av høg kvalitet. På Øye fekk eg også ”support” med reine lestar og utstyrsbytte. Eg pakka om til dagstursekk og la frå meg telt, sovepose, kokeutstyr med meir. Vêret hadde vorte gradvis finare og sola skein etter kvart frå klar, blå himmel. Turen gjekk frå Norang opp til Konedalen, der ei flott elv som renn i dramatiske juv og med fleire fossar akkompagnerte oppstiginga. Eg fekk nok ein gong gleda av å oppleve utsikta utover Hjørundfjorden frå ryggen ovanfor Viddal i kveldslys. Dis i lufta fekk fjella til å framstå med blåne-bak-blåne-effekt, og dei spegla seg i fjorden. Terrenget ned til Viddal er svært bratt og kan fort by på utfordringar om ein ikkje finn råsa.

27. juni–Bakkedalen – Standalhytta

Dagen starta med tungt skydekke og vått gras etter regn om natta. Det er nyleg rydda og merka god sti frå Bakkedalen og opp i Russadalen. I det eg nærma meg Kjerringkjeftane gjekk eg gjennom skoddeteppet og opp i sola, det er alltid ei flott oppleving. I løpet av ein rast på toppen tørka det meste av skodda bort, og eg fekk nyte den spektakulære utsikta. Sola skein på nytt frå klar himmel. Vidare gjekk turen langs ryggen mot nord og på fuktige mosegrodde småhamrar og snøfelt ned til Trollvatnet øvst i Kvamsetdalen. Her må ein gjere vegval i stilaust og noko krevjande terreng. Alternativt kan ein velje ruta gjennom Bakkedalen til Rognestøyldalen. Frå Trollvatnet kom eg inn på stien frå Kvamsetdalen, opp til skaret på om lag 860 m og langs Fjellvatna. Vidare ned i Kvistaddalen. Halvveges ned grusvegen til Kvistad, stoppa ein bil med ein kjenning og kona hans. Dei gav meg skyss ned i Bondalen.

Dagens andre etappe gjekk frå Heimste Holen, opp til Høgreset, og vidare ned Nøvedalen. Forvirrande ny merking ved dalmunning frå Nøvedalen kan nok få ukjende til å velje denne ruta i staden for den tradisjonelle, som svingar mot vest og kjem ned til parkeringsplassen ved Dalegjerdet i Standaldalen. Frå Dalegjerdet var det berre eit kort stykke på grusveg til Standalhytta.

28. juni–Standalhytta – Brattheim

Morgonen starta slik dagen før hadde slutta, med fint vêr og blå himmel. Medan eg gjekk der og såg meg rundt på kjende og kjære fjell, tenkte eg på kor uvanleg flott ruta opp Kvanndalen til Kvanndalsskaret og vidare til Molladalen er. Det er ei kort, men bratt nedstigning til Lisjekoppen, der det er viktig å gjere rett ruteval. Her ligg også snøen lenge, og der kan vere utsett for steinsprang om sommaren og snøskred om vinteren. Vidare snarvegen ved Kråkekollen over til ruta opp til Molladalsskaret. Under rasten i Molladalsskaret tenkte eg med eit visst vemod på at no er turen snart fullført. Å slutte av på Melbøsetra var for så vidt etter planen, men det er då nokre kilometer igjen til fjordmunningen? Då eg kom ned i Molladalen kjende eg at beina var friske nok til enno ei økt. Eg gjekk opp Jønshornrenna til Jønshornet, eller Ramoen som fjellet heiter på Vartdalssida. Frå toppen ringde eg og gav beskjed om at eg ikkje kom til å trenge henting på Melbøsetra likevel, men på Brattheim, ytste garden i Hjørundfjorden. Frå Jønshornet gjekk turen vidare ned i Oksegylskaret, opp og over ryggen på Rametinden, ned og forbi Gamlestøylen og vidare opp på Festøykollen, eller Romestrandhornet som det også heiter. Her gjekk eg ryggen som vender ut mot Vartdalsfjorden og kika ned på ferjeleiet der eg hadde reist nokre dagar før, i fugleperspektiv. Turen ned til Brattheimsdalen gjekk greitt. Men på vegen ned fjellsida til Brattheim i bratt og gjengrodd skog og kratt, tenkte eg at her skulle nokon ha rydda ei rås!

Eg sat med eit smil rundt munnen heile vegen heim, og fleire dagar etterpå også. Eg hadde hatt ein kjempeflott tur. Og eg hadde fått gjennomført noko som har lege i bakhovudet i mange år som ein uforløyst ide. Det gjer godt!

Gunnar Wangen