Det var mange som byrja julehøgtida med gudsteneste i Hjørundfjordkyrkje på julaftan ettermiddag. Ramma rundt gudstenesta var eitpraktfullt ver der sola skein på fjelltoppane.

- Vi les frå detsame evangeliet som før. Vi syng dei same salmane som vi har gjortfør. Likevel er det noko heilt spesielt med julaftan, for då vartJesus fødd. Difor trur eg det er så mange som kjem til kyrkja dennedagen, sa sokneprest Espen Aarseth då han ynskte velkomen tiljulaftangudsteneste.

Og det vart ei tradisjonell gudsteneste medsalmar som ”Eg er så glad kvar julekveld”, ”Det lyser i stillegrender” og ”Deilig er jorden”.

Sentralt i gudstenesta stod lesingaav juleevangeliet, og engelen si melding til gjetarane utanforBetlehem: ”Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om eistor glede, ei glede for heile folket: I dag er det fødd dykk einFrelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.”

Då soknepresten toktil med preika, inviterte han alle born på gudstenesta fram, ogviste dei ei skattkiste med ei kongekappe og to striesekker i. Dåfortalde han Søren Kierkegaard si forteljing om kongen som forelskaseg i ei fattigjente, og som kledde seg som henne for at ho ikkjeskulle frykte han.

- Og slik var det også med Gud. Han måtte ogsåkome ned til folket, og det gjorde han som eit lite born. SomJesus, sa Aarseth.