Høgskulen ynskjer førelesarar med yrkeserfaring til vårens studium i kommunal økonomi.

– Den kommunale økonomien er stadig under endring, og det vert viktig å få inn nye perspektiv frå dei som er ute i fagfeltet, understrekar Håkon Bø ved Avdeling for samfunnsfag og historie på høgskolen overfor Høgskulen i Volda si nettside.

Introduksjonsførelesinga til studiet vert halde av rådmann i Volda, Rune Sjurgård.

Han vil ta for seg korleis kommuneøkonomien fungerer. Sjurgård er oppteken av behovet for kompetanse innan fagfeltet, og vender seg både til leiarar, offentleg tilsette, folkevalde og innbyggjarar. Han ser også behovet for meir kunnskap blant journalistane.

– Å forvalte kommunanes pengar er viktig for landets økonomi. For at journalistane skal kunne stille kritiske spørsmål, er det viktig at dei veit noko om prosessane som ligg bak dei ymse avgjerdene, seier Sjurgård.

Han får med seg økonomisjef Henrik Skovly frå Volda. Med nærmare 20 års erfaring skal han dele sin kunnskap innafor budsjett og økonomiplanar, rekneskap og inntektssystem, over tre førelesingar.

– Meistrar du enkel matte, har du gode føresetnader for å henge med.

Kari Mette Sundgot har permisjon frå økonomisjefstillinga i Ulstein og jobbar som økonomi- og personalsjef i Hødd. Ho ser fram til å dele sine erfaringar med deltakarane på studiet.

– I mine år i kommunen har det vore inspirerande å få jobbe med økonomi inn mot fleire fagfelt, slik som skule, omsorg og kultur. Verdien av å skape velferd for kvar krone er godt synleg i kommunane. Å jobbe tett saman med leiarane på alle fagfelt når det gjelder økonomistyring, budsjettplanlegging og rapportering gjennom året på dei resultata som dei har oppnådd, har gitt meg erfaring som eg vil å vidareformidle, og gje studentane innblikk i.

Studiet i Kommunal økonomi (15 stp) vert både på høgskulen og via nett. For deltakarar på nett vert studiematerialet og førelesingar gjort tilgjengeleg gjennom e-læringsverktøyet Fronter. Dette gir sjansen til å studere frå ulike kantar i landet, til ulike tider.