– No skal du få vere med inn i det aller heilagaste, seier Pål Heggstad, nestleiar i nemnda for nytt orgel. Han les opp ei dør, vi bøyer oss, og står plutseleg midt i det gamle kyrkjeorgelet som vart vigsla 4. april 1961. Det er det andre orgelet i Vartdal kyrkje.

Orgelstemmaren har prøvd så godt han kunne å få orgelet til å gje god lyd og reine tonar. Og det har han klart godt gjennom mange år. Men sist gong han stod i orgelet måtte han resignere. Der var ikkje meir å slite på, konkluderte han, og sende brev til soknerådet om situasjonen. Beskjeden var tydeleg: gamleorgelet måtte anten renoverast for 1,5 million eller skiftast ut. Dei som legg armane rundt kyrkja, soknerådet, var ikkje i tvil om kva som måte gjerast. Og det vart danna ei orgelnemnd.

Spesielt

– Det vert spesielt på fleire måtar å få nytt orgel. Då eg gifta meg 30. september 1967 var det dette dei brukte, fortel Pål Heggstad og klappar orgelet andektig.

Han har leita fram nokre eldgamle protokollar frå eit hvelv. Det følest som å bla i noko særs heilagt. Vi kan lese at det første orgelet i kyrkja kosta 4000 kroner, og at Vartdal-kyrkja har hatt fire organistar: Amtskulelærar Ivar Vartdal, Anders Hildre, Sverre Flåskjer, og Per Indreeide i tillegg til dagens organist, Marie Austrheim Riise.

– Der har også vore ein del vikarar opp gjennom åra, skyt Pål inn. Han ser fram til at nyeorgelet kjem på plass etter ein stor dugnad der givargleda har vore stor, både frå private og næringslivet, ikkje minst bankar. Også eit legat har bidrege godt til musikkinstrumentet som enno ikkje er fullfinansiert.

Avslutningsfest

18. januar vert det avslutningsfest for gamleorgelet.

– Då skal orgelet spele siste salmen og folk skal få høve til å kjøpe med seg orgelpiper, fortel Pål. Den første veka i februar startar monteringa av nyeorgelet. Og så kjem to store dagar: 18. og 19. april vert det innviingsfest og gudsteneste for det nye orgelet.

– Vi skal ta avskil med noko som har følgt oss gjennom sorg og glede. No ser vi fram til nye musikalske tider i 150 år. Vi er lova at nyeorgelet skal vare så lenge, smiler Heggstad.