Ein mann i 30-åra, busett i Ørsta, er i Søre Sunnmøre tingrett bøtelagt for å ikkje følgje politiet sitt pålegg og for å truge ein politibetjent.

I august 2013 var mannen involvert i handgemeng i Ørsta sentrum. Politiet var på staden med to patruljar, og ein politibetjent, som var fullt uniformert, bad mannen om å gå frå staden. Mannen vart då sint og retta fleire skjellsord mot politibetjenten gjentekne gonger. Mannen vart også forklart kva følgjene ville verte om han ikkje følgde pålegget frå politiet. Likevel forlét ikkje mannen staden med ein gang. Rundt eit kvarter etter at mannen fekk pålegg om å forlate staden uttalte han til politibetjenten at han skulle ha «knust trynet hans og rasert han» om han ikkje var politibetjent.

I retten erkjende mannen at han var rusa den natta, og at han var i kontakt med politiet og han sa at han knuse politibetjenten.

Retten la i skjerpande retning vekt på at hendinga skjedde i ei helg og med bruk av alkohol. I formildande retning var ikkje forklaringane til politibetjenten og mannen heilt i samsvar, og det har vore lang behandlingstid i saka.

Søre Sunnmøre tingrett dømde mannen til ei bot på 8.000 kroner.