Julaftan er utan tvil den mest populære kyrkjedagen i Noreg. Det gjeld også i Ørsta, sjølv om oppteljinga frå fjoråret viser ein nedgang i besøkstalet på nær 17 prosent.

I Volda var det derimot god auke.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det i fjor var 1.525 personar som gjekk i kyrkja på Julaftan i Ørsta kommune. Talet er ein nedgang på 306 personar, noko som betyr ein reduksjon på 16,7 prosent samanlikna med året før. Det var seks Julaftengudstjenester i kyrkjene i Ørsta i fjor, det same som året før.

I Volda kommune var det 1.620 personar som gjekk i kyrkja på den store dagen i fjor. Dette var 110 fleire enn året i førevegen, slik at det her er snakk om ein auke på 7,3 prosent.

I heile Noreg har det vore ein auke på drygt éin prosent i mengda gjester det siste året. Mengda gudstenester auka og med rundt éin prosent i Noreg i fjor, og kom dermed opp i 2.254 i talet.

Terror snudde trenden

Det totale besøkstalet i Noreg har vore stabile i 2012 og 2013. Forskar Ida Marie Høeg

hos Stiftelsen Kirkeforskning (KIFO) fortel at det ikkje fanst statistikk på dette området før midten av 2000-talet, og at det derfor ikkje kan seiast noko særleg om besøkstalet før den tida.

– Det vi kan seie er at det i Noreg har vore ein generell nedgang i mengda gjester på Julaftengudstjenesten i åra etter 2005. I perioden frå då og fram til 2010 var denne negative trenden tydeleg, seier ho.

– Terroren i 2011 sørgde for eit brot i denne utviklinga, og vi kunne igjen sjå ein auke i besøkstalet, både reelt og i snitt per gudsteneste, fortel Høeg.

– Solid forankring

Det er liten tvil om at Julaftengudstjenestene står sterkt i den norske folkesjela. Av alle besøkjande i kyrkja i Ørsta i fjor, så kom heile 8,6 prosent av dei på Julaftan. I Volda var tilsvarande del oppe i 10,1 prosent.

– Mengda gjester på Julaftan i Noreg er noko mindre no enn det var på midten av 2000-talet. Men det har kome til mykje nytt i kyrkja dei seinare åra, og ein er spent på korleis dette vil slå ut på besøkstalet i jula. Blant anna har det vore ein stor auke i konsertverksemd i kyrkjene over store delar av landet, seier Høeg.

– Kva trur du om utviklinga dei komande åra?

– Eg reknar med at julaftangudstenestene vil halde god stand i åra framover. Tradisjonen er solid forankra i det norske folk, og i norsk kultur. Det er ein svært brei medverknad på desse gudstenestene, seier ho.

Totalt i 2013

Høeg påpeikar også det faktum at det har skjedd mykje på arrangørbiten den seinare tida.

– Det blir trekt inn lokale element som for eksempel skulekorps og kor som speler i kyrkja. Tilbakemeldingane på desse tiltaka er så positive at det er ingenting som tyder på at den folkelege oppslutninga vil minke, poengterer ho.

I løpet av heile fjoråret var det totalt 17.641 gjester i gudsteneste som blei gjennomført i kyrkjene i Ørsta. Dette er 678 færre enn året før. Det var totalt 151 gudstenester i Ørsta i heile fjor, noko som gir eit snitt på 117 gjester per arrangement.

I Volda kommune blei kyrkjene gjesta 16.035 gonger av innbyggjarane (eller tilreisande) i fjor. I forhold til året før, så er dette ein reduksjon på heile 1.751 personar. Alt i alt var det 156 gudstenester i Volda i fjor, som dermed gir eit gjennomsnitt på 103 gjester per gudsteneste.

Julaftangudstenestene vil halde god stand i åra framover

Mengd gjester i kyrkja på Julaftan i 2013:

Volda 1620  Endring (frå 2012): 110 Prosent: 7,3

Ørsta 1525  Endring: -306 Prosent: -16,7

Noreg 556689 Endring: 5900 Prosent: 1,1