Eit vogntog står fast på fylkesveg 60 ved grensa mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane måndag føremiddag. Det melder NRK Trafikk.

Personbilar får sleppe forbi på staden, men tunge køyretøy må vente.

Ein annan veg mellom Stranda og Søre Sunnmøre, fv. 655 gjennom Norangsdalen, vart stengd i helga på grunn av snøras. Han er framleis stengd, melder Statens vegvesen.

Den tredje vegen til Stranda, via ferja Festøya-Hundeidvik og Strandafjellet, er open.