- Det har kome mykje snø siste veka, og det er nok mange som er ivrige og vil gå topptur, men det er stor skredfare no, åtvarar Arthur Midtgaard.

Laurdag var han og fleire på tur opp mot Vallahornet, og dei såg at det frå Nivane har gått eit stort sjølvutløyst skred som har nådd heilt ned til Skåla.

- Det gjekk heilt ned til der folk bruker å krysse elva i Skåla. Det er nokså uvanleg, og vitnar om høg skredfare, seier Midtgaard.

Betydeleg skredfare

Jan Peder Hoggen er leiar for Volda Ørsta Røde Kors Skredgruppe. Han stadfestar at det er svært stor skredfare i fjella no.

Varsom.no har sett faregrad 3, som vil seie at det er betydeleg fare for skred.

- Bratte fjellsider er utsette. Folk bør ikkje gå i brattare terreng enn maks 30 grader. Det kom mykje snø i helga. I høgda har det lagt seg 50-60 cm oppå det som alt låg der. Det er svært ustabilt, åtvarar Hoggen.

Varsom.no

Ifølgje varsom.no krev ferdsel i skredterreng no solid kunnskap, erfaring i ruteval og evne til å identifisere skredproblem. Menigmann bør altså ikkje legge ut på topptur.

- Men eg vil rå alle til å gå på ski, men gå snille turar. Her er mange stader å gå utan at det er så bratt. Melshornet er til dømes ein flott tur, og skisentera held også ope, seier Hoggen.