– Resultatet som var vist i dag viser god kompetanse, og lovar difor svært godt for elevane si framtid!

Faglærar Trond Urkegjerde var imponert over det julebordet elevane på matfag-lina på Ørsta vidaregåande onsdag varta opp med til foreldre og føresette. Julebordet kunne ha vore på nær kva som helst slags hotell med sans for dei gode matopplevingane, insisterer ein stolt Urkegjerde som atså gir elevane sine veldig mykje av æra.

Trening

– Dette er god trening for framtidige yrkesutøvarar. I samband med førebuingane til matlaginga har vi opplevd ei positiv og sprudlande juletilstelning. Og det fortener verkeleg elevane etter å ha stått på i heile haust, seier Urkegjerde som karakteriserer elevane som ein fantastisk kjekk og livleg gjeng.

– Julestemninga var særs høg på kjøkkenet før julebordet starta. På kjøkkenet kunne vi høyre plystring, nynning og synging av julesongar, ein kunne mest tru det var julenissens verkstad ein hadde kome inn i, humrar Urkegjerde.

Dei mange frammøtte fekk alt dei kunne tenkje seg av forrettar, middagar og dessertar relatert til jula, til og med sel hadde dei laga til på ein lekker måte.

Tradisjon

– Julemat er ekte tradisjonsmat. Difor er det viktig for oss at dei får god opplæring i lokale tradisjonar og trendar. For elevane er dette både fagleg krevjande, variert og spennande fordjuping i våre eigne gode tradisjonar. Men dei får også erfare tradisjonar og trendar som vi får frå andre nasjonar og verdsdelar, forklarar faglæraren.

Elevane tok også initiativ til å underhalde med både song og filmframsyning.  Julebakgrunnsmusikk med levande peiseld gav god stemning.

– Ein kan trygt seie at elevane har gode føresetnader som vertskap og sørvismedarbeidarar. Det er kvalitet over det dei får vist, meiner Trond Urkegjerde.

I  ei tid der matfag-lina er lagt ned av fylkestinget er Urkegjerde klar i si meining:

– Det er definitivt behov for å ha matfaglina på Ørsta vidaregåande. Eg meiner vi framleis har livets rett, og vi har ikkje heilt gjeve opp å få behalde lina, seier Urkegjerde.