Fredag overrekte nemleg Norhus i Ørsta vederlagsfritt eit garasjeanlegg i gåve til Ørsta kommune. Garasjen med sju bilplassar og i tillegg to parkeringsplassar utomhus skal nyttast av heimesjukepleien ved Ørstaheimen.

Garasjeanlegget er plassert under dei nedste husa i Prestegardsmarka, berre nokre få meter frå Ørstaheimen.

– Dette er julegåva frå oss til Ørsta kommune, seier Laurits Holsvik i Norhus.

Han overrekte garasjeanlegget med skøyte til ordførar Rune Hovde fredag. Overrekkinga skjer når utbygginga av Prestegardsmarka nærmar seg slutten. Når den siste bygningen har kome opp, truleg i 2015, er det bygt 51 nye bueiningar. Arbeidet på Prestegardsmarka starta med reguleringsplanen frå 2001. Øvre del vart fyrst bygt ut, og dei fyrste husa stod ferdig i 2005.

Nedste del av Prestegardsmarka var regulert til offentleg føremål, og då i praksis utvidingsareal for Ørstaheimen. Det vart ført samtalar mellom kommunen og Norhus, og det utvikla seg etter kvart ei felles forståing av dei eigentlege behova. Det var garasjeplassar for heimesjukepleien og leilegheiter med universell utforming. I 2011 vart området omregulert, slik at Norhus kunne ta til med utbygginga av også dette området.

– Det vart ein vinn-vinn-situasjon for oss og kommunen, og vi er glade for å kunne hjelpe til, seier Holsvik.

Ordførar Rune Hovde (H) set pris på gåva.

– Dette viser at når vi eigentleg har felles nytte og felles interesse saman, tenkjer vi løysingsorientert. Dette er eit godt døme på samarbeid mellom det offentlege og næringslivet for å få til noko saman, seier Hovde.

Garasjeanlegget er altså skilt ifrå resten av bygningane med eige skøyte. Den nedste husrekkja på Prestegardsmarka ligg opp på garasjeanlegget, og på plata over skal det leggjast hage, og det skal førast opp eit hus til. Til saman vert det tjueein leilegheiter i den nedste delen av Prestegardsmarka.

– Alle leilegheitene vert bygde med universell utforming, og er lette å kome til. Vi har samarbeidd med Rådet for funksjonshemma om løysingane, seier Odd-Erik Hovden i Norhus.