Fylkesveg 47 mellom Ekset og Berkneset blir stengd til over nyttår. Fredag ettermiddag melder Statens vegvesen at oppryddinga startar tidleg på nyåret.

¬ Det er ikkje mogleg å seie kor lang tid oppryddinga tek før entreprenøren er i gang med arbeidet, opplyser vegvesenet.

Vegen har vore stengd sidan ei steinfylling rasa ut i vegen 9. desember.

Omkøyring til Berkneset går via fv. 653 (Eiksundsambandet).