– Vi var veldig nøgde i dei gamle lokala på Snippa, men det vart litt trongt etter kvart. Gamlebanken hadde stått ledig i over eit år, og fann ut at lokalet passar godt til å drive eit eigedomsmeklarkontor. No har vi lokale i første etasje her, godt tilgjengeleg for kundane våre, seier Johnny Kragset.

Hausten har dei brukt til å totalrenovere bygningen innvendig. Den ærverdige bygningen husa Sparebanken Volda/Ørsta fram til 1980-talet. Lenge var det også apotek i bygningen, i tillegg til at den har vore brukt til mellom kunstutstillingar og kulturarrangement.

Då Kragset Eigedomsmekling starta opp, var dei tre tilsette. På nyåret startar ein ny eigedomsmeklar i selskapet, slik at det til saman blir fem tilsette.

Vekst under finanskrisa

Det første eigedomsmeklarkontoret sitt opna Johnny saman med Terje Lillås i 2003.

I 2005 vart firmaet selt, og Johnny Kragset tok ein pause frå yrket, men ønsket om å drive med mekling kom raskt tilbake.

Det var mange som rista på hovudet då Kragset Eigedomsmekling starta opp tre år seinare, midt under finanskrisa i 2008. Bustadmarknaden låg nede for telling, og Noreg mista 150 meklarkontor i same perioden som Kragset starta opp.

I 2010 drog Økonomisk Rapport fram Kragset Eigedomsmekling som eit eigedomsmeklingskontor som gjekk imot trenden i bransjen, og var i vekst i dårlege tider.

– Det var mange som meinte det ikkje kom til å gå. Men hardt arbeid betaler seg, og i dag er vi marknadsleiar i Volda og Ørsta med ein marknadsdel på 55 prosent.

Best mogleg lokalt

I dag har Kragset Eigedomsmekling oppdrag både på ytre søre og i Nordfjord, men det er framleis Ørsta og Volda som er hovudområdet deira.

– Vi meiner lokalkunnskap og kjennskap til den lokale marknaden er avgjerande, og er difor bevisste på at vi skal vere best mogleg lokalt, og primært skal rette oss mot Volda og Ørsta. Med dei nye lokala i Gamlebanken står vi godt rusta for vegen vidare, seier Johnny Kragset.