Under det siste kommunestyremøtet i Volda kommune i år skulle Innovasjonsprisen 2014 delast ut. Ti bidrag frå ulike seksjonar i Volda kommune hadde meldt på prosjekt.

– Vi er kanskje den første kommunen i landet som har vår eigen innovasjonspris, og det er imponerande at vi har ti kandidatar det første året, sa ordførar Arild Iversen som stod for overrekkinga av prisen.

Avlastingstenesta for funksjonshemma (barn og unge) sitt prosjekt samlokalisering for avlastning vann prisen. Tenesta flytta til frigjorde lokale i underetasjen på Fjordsyn i sommar. Det har vorte meir sosialisering mellom dei som nyttar tenesta, og prosjektet gir rom for at fleire som har dei som rett på eit tilbod kan få det.

– Det er veldig stort at vi får den første innovasjonsprisen, sa leiar Ingunn Gjengedal ved Hamna Dagsenter

Prispengane på 20.000 kroner vert nytta til å utvikle sanserom på Hamna dagsenter. I tillegg vert eit beløp gitt til SOS barnebyar.